Bent Are Iversen - eksponering

Leica M Monochrom er kanskje det mest unike digitalkameraet på marknaden no. Det diskar opp med bildekvalitet utan sidestykke, men samtidig er det også bortimot kjemisk fritt for automatiske funksjonar. Derfor kan det være nådelaust mot dårleg fotografhandverk. Mange fine fordelar altså, og ein stor bakdel: utbrende høglys er tapt for alltid. Råfiler hjelper litt, men ikkje mykje. Den som kjem frå eit moderne fargekamera der ein kan bomme med to-tre eksponeringstrinn, kan få seg ein kalddusj med Leica M Monochrom. Kameraet har innebygd lysmålar som rett nok er ganske nøyaktig, men dum som ein stokk. Dessutan måler den eit ganske stort og litt ubestemmeleg område. Den beste løysinga er sjølvsagt å bruke ein separat lysmålar eller gråkort. Derimot er det ikkje alltid tid eller tilgang til slikt.

I denne artikkelen vil eg derfor drøfte eit lite triks som kan vere ein god nummer to-løysing, nemleg handflatemetoden. Det er eigentleg ein metode som har vore brukt i årevis, men er ekstra nyttig for Leica M Monochrom.

Teorien er at ein alltid har med seg handflata, og dessutan er den stort sett lik uansett årstid. Tradisjonelt er det vanleg å måle i handflata og legge til eit eksponeringstrinn. Med Leica M Monochrom er det tryggast å undereksponere ein del for å være på den sikre sida, men det er likevel best å forsøke å maksimere kontrastomfanget ved å eksponere så tett opp til utbrenning som råd. På den måten har en eit best mogeleg utgangspunkt for vidare redigering.

La oss undersøke nokre kjappe bilder eg har kokt saman ved bruk av denne metoden (medeksponeringskompensasjon på +2/3). Det du ser her er heilt uredigerte bilder, rett frå kamera og konvertert i Lightroom med mine standardinnstillingar.

Bent Are Iversen - eksponering

Skygge: Ikkje problem. (f/8, 1/750, iso800)

Bent Are Iversen - eksponering

Overskya: Ikkje problem. (f/5.6, 1/750, iso800)

Bent Are Iversen - eksponering

Kvit statue i mørk skog: Ikkje problem. (f/4, 1/750, iso800)

Bent Are Iversen - eksponering

Motlys: Ikkje problem. (f/8, 1/2000, iso400)

Syntetisk tekstil i direkte sol: Problem. (f/8, 1/1500, ISO400).

Som du ser så kjem metoden til kort på spesielt skinande overflater, slik som desse taekwondo-uniformene i kvit nylon. Moderne tekstilar er spesielt vanskelege. (Dette er også eit problem for fargekamera). Heldigvis er det litt ekstra å gå på i råfila, så med litt forsiktig flikking i Lightroom kan en redde såpass mykje:

Bent Are Iversen - eksponering

Igjen, det du ser her er meint som eksempel og utgangspunkt for vidare bildebehandling.

Til slutt ser vi litt bak kulissene: to vanlege situasjonar som kan vere vanskeleg å eksponere etter. Her har eg fotografert handflatemålinga mi for illustrasjons skuld. Ei kvitmalt båtside og ei fontene i motlys. Dei er lyse, men ikkje overeksponerte. Leica M Monochrom har bare innstillingar for halve steg, så difor vil eksponeringa alltid variere litt.

bent are iversen - eksponering bent are iversen - eksponering

Det kan diskuterast om min eksponeringskompensasjon på +2/3 (i forhold til handflata) er litt vel optimistisk. Eg vil difor anbefale at ein startar på null, altså ingen kompensasjon, og så justerer oppover med tida. Eit anna aspekt som er verd å huske på, er at skjermen på Monochrom er svært mørk og har sterk kontrast. La deg derfor ikkje lure av mørke bilder på skjermen. Den som er stø på eksponering slepp å sjå på displayet til ei kvar tid.

For dei spesielt interesserte, kan eg nemne at Lightroom 4 som standard konverterer råfilene frå Leica M Monochrom svært flatt. Eg har derfor utvikla nokre standardinnstillingar som piffar opp kontrast og mjuknar ned høglysa, samt legg på ein svak varmetone. Prøv dei gjerne om du vil:

BASIC

Exposure

0,00

Contrast

0

Highlights

-30

Shadows

+30

Whites

+30

Blacks

0

Clarity

0

TONE CURVE

Highlights

0

Lights

+25

Darks

-50

Shadows

0

Point Curve

Linear

SPLIT TONING

Hue

47

Saturation

2

Balance

0

Hue

47

Saturation

2

DETAIL

Etter smak

LENS CORRECTIONS

Etter smak

EFFECTS

Etter smak

CAMERA CALIBRATION

Process2012

Alle bilder er tatt med Leica M Monochrom og Leica Elmar-M 50mm 2.8.

Join the conversation! 1 Comment

  1. Det var et smart triks, takk skal du ha! Jeg har riktignok klart å hente ut detaljer av overeksponerte bilder i Aperture ved å redusere RAW boost kraftig, men det sier seg selv at korrekt eksponering er veien å gå.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Kategori

Leica M Monochrom

Stikkord

, , ,