v) Kannesteinen. Leica M6, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH
h) Plastsnekke. Leica M9, Summicron-M 50mm 2.0

Eg jobbar som pressefotograf i eit lite fylke på vestlandet. Det er lite folk her, men mykje fe. Dårleg vegstandard, men god utsikt. Lite vekst, men mykje vegetasjon. Dei største tumultane foregår stort sett på fylkestinget og i debattspaltene. Det meste er trygt, reint og stabilt. Med andre ord ein lite eksotisk stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, for ikkje å snakke om å finne noko spennande å fotografere.

v) Utstillingsdukke. Leica M8, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH h) Havmåse. Leica M8, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH

v) Utstillingsdukke. Leica M8, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH
h) Havmåse. Leica M8, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH

Men kan det tenkast at det som er kjedeleg for meg, kan være eksotisk for andre? Kan det daglegdagse i dag bli spennande om femti år? Eg er usikker, men eg skal i alle fall prøve. Dei fleste fotoprosjekta mine går ut fra denne tanken.

(Uansett, som en fyr med små barn, stort lån, fast jobb og stasjonsvogn er det ikkje lett å reise verda rundt for å motbevise påstanden.)

v) Metallband. Leica MM, Summicron-M 50mm 2.0 h) Smultringar. Leica M9, Elmarit-M 24mm 2.8 ASPH

v) Metallband. Leica MM, Summicron-M 50mm 2.0
h) Smultringar. Leica M9, Elmarit-M 24mm 2.8 ASPH

Slik oppsto prosjektet Ting i mellom. Eg ville prøve å lage bilder av alt det vanlege rundt meg.

Dei tinga som finst innimellom det spennande. I dette prosjektet jobbar eg med det eg kallar visuelle rim. To og to bilder med ei eller anna visuell slektskap. På ein måte er det motstykket til journalistikken eg jobbar med til dagleg, der bilda blir valde ut frå kor godt dei tematisk sett støttar teksten dei skal illustrere. Eg likar å tru at begge deler er like dokumentarisk.

v) Fjærkre. Leica M8, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH h) Parabol. Leica M9, Summicron-M 50mm 2.0

v) Fjærkre. Leica M8, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH
h) Parabol. Leica M9, Summicron-M 50mm 2.0

Til den ende er svartkvitt heilt fortreffeleg. Det er både vakkert og brutalt på same tid, litt som naturen på vestlandet, i skvis mellom hav og himmel, fjord og fjell. Fargepaletten her er uansett følgande: grå, brungrå og grønngrå.

v) Båthengarar. Leica MM, Summicron-M 50mm 2.0 h) Skuleelevar. Leica MM, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH

v) Båthengarar. Leica MM, Summicron-M 50mm 2.0
h) Skuleelevar. Leica MM, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH

Når eg fotograferer i svartkvitt er eg avhengig av at optikken avslører så mykje av motivet som mogeleg. Eg foretrekk at kameraet er så enkelt, og så høg kvalitet som mogeleg. Dessutan må det være lite og lett, sidan eg prøver å ha det med over alt.

Ein veit aldri når ein vidunderleg absurditet vil avsløre seg sjølv. Derfor er Leica M-serien perfekt for meg. For meg er Leica ein slags mental blyantkvessar. Den passar på at eg ikkje blir sløv og misser kontakta med fagets grunnleggande prinsipp som blender, lukker og fokus. Som fotograf og fagmann meiner eg det er viktig.

Så lenge ein er villig til å gje slepp på fargane er M Monochrom heilt overlegen alt eg har sett, når det gjeld kombinasjonen av bildekvalitet, lysfølsomheit og muligheit til å få plass i ei jakkelomme.

v) Katamarandør. Leica MM, Summarit-M 50mm 2.5 h) Dreneringskum. Leica M9, Summicron-M 50mm 2.0

v) Katamarandør. Leica MM, Summarit-M 50mm 2.5
h) Dreneringskum. Leica M9, Summicron-M 50mm 2.0

Ein god venn og mentor sa ein gong at ein må dyrke sine begrensningar. Eg ser på meg sjølv som en ganske middelmådig fargefotograf. Eg ser verda i former og linjer, skuggar og lys. Dessutan er eg alt for utålmodig til å vente på blå timar og solnedgangar.

v) Myrull. Leica M8, Summicron-M 50mm 2.0 h) Signalflagg. Leica M8, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH

v) Myrull. Leica M8, Summicron-M 50mm 2.0
h) Signalflagg. Leica M8, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH

v) Fyrhus. Leica M9, Summicron-M 50mm 2.0 h) Partytelt. Leica M8, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH

v) Fyrhus. Leica M9, Summicron-M 50mm 2.0
h) Partytelt. Leica M8, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH

v) Tunnel. Leica M9, APO-Summicron-M 90mm 2.0 ASPH h) Trehjulsykkel. Leica M9, Summicron-M 50mm 2.0

v) Tunnel. Leica M9, APO-Summicron-M 90mm 2.0 ASPH
h) Trehjulsykkel. Leica M9, Summicron-M 50mm 2.0

v) Sea-king. Leica M9, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH h) Sei. Leica M9, Elmarit-M 24mm 2.8 ASPH

v) Sea-king. Leica M9, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH
h) Sei. Leica M9, Elmarit-M 24mm 2.8 ASPH

v) Gras. Leica MM, Summicron-M 50mm 2.0 h) Gummi. Leica MM, Summicron-M 50mm 2.0

v) Gras. Leica MM, Summicron-M 50mm 2.0
h) Gummi. Leica MM, Summicron-M 50mm 2.0

v) Tunnel. Leica M9, Summicron-M 28mm 2.0 ASPH h) Parkeringsplass. Leica M9, Summicron-M 28mm 2.0 ASPH

v) Tunnel. Leica M9, Summicron-M 28mm 2.0 ASPH
h) Parkeringsplass. Leica M9, Summicron-M 28mm 2.0 ASPH

v) Kannesteinen. Leica M6, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH h) Plastsnekke. Leica M9, Summicron-M 50mm 2.0

v) Kannesteinen. Leica M6, Summicron-M 35mm 2.0 ASPH
h) Plastsnekke. Leica M9, Summicron-M 50mm 2.0

Bent Are Iversen f.1978
BA i Fotojournalistikk, Høgskulen i Oslo
Fotograf hos avisa Firda i Førde sidan 2008.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Kategori

Leica M, Leica M Monochrom

Stikkord

, , , , , , , , , , ,